Sjekk den fine utsikten som kom i mot oss i det me satt i bilen, på veg heim frå Oslo. Bilturen er lang, omtrent like lang som flyturen til Alanya. Er ikkje det vilt? Kunne eigentleg like godt reist til Tyrkia med det samme, men skulen byrjar jo om få straksar og jobb står på planen. Men er ikkje lenge før eg er tilbake i Alanya. Har jobbhelg denne helga, som er tungt før eg skal til på skulen. Men, det må jo til? Føler meg super flink som har klart å begynt å spare på BSU, og ein sparekonto. Hashtag, livet som vaksen.
Som sagt skal eg begynne med litt rutinar i kvardagen igjen, og skal begynne med blant anna trening. Har ikkje råd til å vere på treningssenter, så da lyt ein ta tak i naturen og andre apparat som er tilgjengelege i heimen. Kosten skal også setjast på plass, etter ein lang sommar med alt for mykje dritt i kroppen. Så det skal eigentleg berre bli deilig å begynna på skulen igjen.
Håper du får en fin helg på jobb og lykke til med skolestart 🙂
Haha, no har du fått eit blinkskudd av hytta mi på bildet ditt du! 😀