Endeleg er han her!

Categories Kvardag

Good mandag alle lesarar! Håpar dikka har hatt ein super start på dagen, eller for nokon av oss, skuleåret. Dei fyrste dagane er som regel levering av bøker, frukostar og ikkje så spesielt. Me møtte opp, same klasse som i fjor, og lånte bøker. Etter det tok eg bussen heilt til Gol for å henta bilen min!! ENDELEG! Veit ikkje om eg nevnte det, men den har vore øydelagt i ei veke no, og har vore på reprasjon. Eg skulle jo eigentleg køyre til Oslo, men det blei jo ikkje slik da den ikkje fungerte dagen før eg reiste. 

 

No skal eg straks hoppe i treningskleda for å ta meg ein liten tur på Lauvnes. Elskar å gå der, sia det er så bratt så går jo pulsen opp og eg slepp å springe. Fantastisk utsikt på toppen er det også. Eg skal jobbe i måro, så tenkte også at eg skulle skrive inn litt av innlegga slik at eg berre kan leggje inn bilder før eg publiserer det. Håpar dikka får ein super fin kveld, og brukar den til akkurat det som passar dikka ♥

2 kommentarer

2 thoughts on “Endeleg er han her!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *