Happy girl

Categories Kvardag

Først og fremst vil eg berre seie tuusen takk for alle fine tilbakemeldingane eg har fått, både på facebook og på bloggen. Alle dei fine orda hjelp mykje på når ein har det tungt. Eg er jo den personen som er super lei meg kvelden før, og når eg vaknar smiler eg frå øyre til øyre. Eg veit ikkje om det er ein bra, eller dårlig eigenskap. At andre smiler, og er glade er super viktig for meg, og derfor synest eg det er viktig at ein våknar opp med eit smil, og tenkjer over kva ein faktisk har. Eg har jo Mehmet, sjølv om han ikkje er fysisk tilstades, så er han berre ein telefonsamtale unna. Også har eg familien min som eg er så glad i, og ikkje minst fantastiske venner og medelevar. Kjenner ein “meistringsfølelse” når eg får dei til å le. Ha ha. 

 

Så dagen har gått til innspeling av ein ny video, avslapping og litt rydding. Hadde intervallar i gymen i dag, og kjente det faktisk gikk bra med gnagsåra mine. Då lyt eg begynne å trene igjen! Eg har ei veke der eg er kjempe flink, men neste er det nesten drittmat kvar dag. Eg må klare å holde meg lenger enn ei veke. Har faktisk ingen andre planar for i måro enn å sove heilt til eg våknar av meg sjølv. Skal vel fikse bryna mine hos flinke Runa også. Prøvde så vidt å nappe dei ista, men gjekk ikkje mange minuttane før eg sendte melding til Runa, at ho skal få vokse bryna mine i måro. Takk Gud!

3 kommentarer

3 thoughts on “Happy girl

  1. Samme med meg! Kan gråte meg til søvn for så å våkne opp og være i kjempegodt humør! Fint bilde av deg 🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *