DIY: Farge bryn

Categories Sminke

Hei og hopp alle fine! Som dikka sikkert ser så har eg fått nytt design. Wæ! Eg er suuper gira, og synest det verkeleg var nydeleg. Er flinke RRH som har lagt det, og det er kun gratis for nokre fleire timar, så spring og kjøp. Anna nyttig info er at treningsmotivasjonen, og motivasjonen til eit sunt liv har steget igjen, og eg er allereie godt i gang. Hadde bakkeintervallar med Marta i går, og no om ein liten halvtime skal me gå til Lauvnes. Dør av berre tanken, men men. 

Uansett, til poenget. Eg har lyst å dele ein liten erfaring/annbefaling her med dikka. Det er nemlig brynsfarging. Det er så genialt, og fantastisk når ein ikkje orkar å sminke bryna. Slik som dei fleste gongane eg trenar, har daffekleder eller er på reise orkar eg ikkje å sminke meg. Derfor er det eit must for meg å farge bryna mine. Eg brukar depend sin augenbrynsfarge, i og med at den er billig og bra. Eg har tatt eit før og etterbilde der dikka får sjå før og etter: 

Ein ser vel stor forskjell på det? Det som er så fantastisk er at eg slepp å bruke noko på dei når eg skal trene eller rett og slett ikkje orkar å sminke meg. Så derfor kan du nemlig gjere det heime for rundt hundrelappen, i staden for å gå til salong og gjer det for den tredobla prisen. Er dikka ikkje einige?

1 kommentar

1 thought on “DIY: Farge bryn

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *