Min andre heim

Categories Tyrkia 2015

Hei og hå som tida går. At eg lover dikka ditt og datt utan at det skjer noko skal det bli slutt på. Har bestemt meg for å blogge når eg føler for det, men at eg vertfall kjem til å halde fram med to videoar vekentleg. Eg har jo vore veldig opptatt og er på ein måte det fortsatt, når det kjem til skule og prøvar. Ettersom eg har vore vekke ei veke har eg litt å ta att på skulefronten, i tillegg kjem den fine jenta mi på besøk til helga. Så det blir jo kjempe koseleg.

Kanskje ikkje alle av dikka har fått det med seg, men eg har no vore ei veka nede og besøkt min fine elskling. Det å reisa er like tungt kvar gong, mem eg kjenner at det blir “bedre og bedre”. Er jo ikkje lenge til me forhåpentlegvis skal bu saman, og me skal jo vera sammen kjempe lenge, så me kjempar oss gjennom det på tjukt og tynt. Forhåpentlegvis kjem han hit snart og, slik at eg slepp å reise ned dit for å besøke han. Har jo så lyst at han skal komme hit, sjå korleis me har det og spesielt møte familien min.

Mamma var jo der nede også, så me fann på mykje kjekt sammen. Me var blant anna på lunch sammen, med utsikten dikka ser på fyrste bildet. Restauranten heiter Zivre Restaurant og ligg eit stykke opp i fjellsida. Men om du vil prøve noko litt annarledes, annbefalar eg absolutt å ta turen opp.

0 kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *