Så, kva vil du eigentleg?

Categories Kvardag

Detta spørsmålet er noko mange har stilt meg i løpet av dei siste åra. Heilt sida eg skulle velge korleis retning eg skulle gå på videregåande har eg ikkje visst. Men etterkvart som eg fekk meg jobb, og vart litt meir sjølvstendig har eg lagt meg tankar. Det skulle aldri falt meg inn å jobbe heilt aleine på eit kontor, tjuefire timar i døgnet. Eg elskar å kommunisere med mennesker, og jobbe med dei. Noko som gjer meg ekstra glad er å få folk til å smile. Det høyres kanskje klisjè ut, men det gir meg ein så god følelse. Personleg, kan eg dumme meg ut så lenge nokon ler, og eg gjer nokon sin dag ti gognar betre. På skulen er eg den som prøver å få folk til å le, ikkje nødvendigvis med meg, men heller av meg. Å ta meg sjølv høgtidleg er ikkje i blodet mitt. Nokon synst kanskje eg er morosam, men dei aller fleste ler av meg fordi eg er så utruleg teit. Men så lenge dei ler, og får ein betre dag drit eg i kvifor. 

Så som dikka sikkert skjønnar vil eg jobbe med mennesker, og gjere dagen deira betre. Når eg har sett litt på utdanning.no og diverse andre intervju har eg funnet drømmeyrket mitt. Det å bli kreftsjukepleiar kjem garantert til å følgje med mykje sorg, og tunge beskjedar men også mykje latter og glede. Fyrst og fremst skal eg ta tre år med sjukepleiar i Bergen, der draumen min blir oppfylt. Ikkje nok med at eg får begynne på det eg har så lyst til, men eg skal også bu med min aller beste venn. Det å flytte ut kjem garantert til å bli rart, og einsamt men samtidig skal det bli godt å stå på heilt eigne bein. Å leva på fattigmat og spara straum skal bli ein opplevelse eg kjem til å ta med meg resten av livet. Det var når me såg ein dokumentar om Alzheimer, og sjukepleiarar eg forstod kor viktige dei er. Ikkje nok med arbeidet dei gjer, men også måten ein påverkar pasientane psykisk. Det å skape glede, sorg, tårer og latter er noko eg verkeleg ser fram til. Kanskje det ikkje er dette er vil etter endt sjukepleiarskule, men per dags dato så vil eg bli kreftsjukepleiar. Og gjett om eg gledar meg!

2 kommentarer

2 thoughts on “Så, kva vil du eigentleg?

  1. Ein veit aldri heilt kva ein vil, men det å ha ei retning ein vil gå etter er jo heilt supert 🙂 Og du passar verkeleg som sjukepleiar, med ditt gode og sprudlande humør! 😀

  2. Så bra du har funnet ut av hva du vil bli! Det er mange som sliter med det i vår generasjon, for det er så masse å velge mellom..
    Heldig som jeg er så har jeg funnet ut hva jeg vil bli og det har jeg visst i noen år nå! Jeg skal nemlig bli det samme som deg, nesten 🙂 Først sykepleier, så barnesykepleier også kreftsykepleier for barn 🙂 Jeg gleder meg villt!
    Har også tenkt å gå på skole i Bergen.. begynner ett eller to år etter deg.. Må bare se om jeg vil ta et friår eller ikke etter videregående! 🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *