Årsoppsummering 2015

Categories Oppsumering

Tenk at det berre er nokre få dagar til året er over. Herregud! Det har gått så utruleg fort, og føler det var i går eg var i Tyrkia for å feire nyttår. Etter litt om og men om kva eg skal gjere, tenkte eg å køyre gjennom minmote.no sin årsoppsummering, der eg går gjennom året som var i både oppturar og nedturar: 


 

Dette var mest stas i 2015: London! Garantert! Det å sjå ein heilt ny by, sammen med ei av mine beste venniner var rett og slett fantastisk. 

Råaste kulturopplevelse: Tel Katy Perry konserten som ein kutluropplevelse? For vertfall så er det den! Det var rett og slett drit bra, og ho kunne verkeleg lage show. 

Beste film eller serie eg såg: Lenge hadde eg ein Keeping Up With The Kardashians periode, og såg seks sesongar på nokre veker. Så eg vil sei det er ein god serie eg har sett på. Ellers så fekk eg i slutten av året dilla på både Tara og Vegard, men og skam som går på nrk nett tv. Skam er ein utruleg morosam serie, som eg annbefalar alle ungdommar å sjå. 

Beste bok eg har lest: Tusen strålande soler satte verkeleg spor i meg, og den var utruleg nydeleg. Sjølv om eg brukte ei stund på å lese den, var kvart minutt verdt det. 

Trenden eg blei lei av: Kan eg seie kontureringa? Det tok jo totalt over nettet! Sjølv om eg brukar mykje kontur sjølv, tok det veldig, veldig av!! 

Favorittplagg: Den gule kåpa eg kjøpte i London! Oh lord, seie eg berre. 

Her hang eg mest: Om eg ikkje var på skulen eller på jobb, hang eg nok mest nede i kjellarstova med vennene mine. Er så godt å bu i eit hus der eg har ein plass eg kan sitte med vennene mine. 

Det beste eg åt: Nutellapannekakene i London, holy! Får vatn i munnen berre eg tenker på dei. 

Favorittkontoane å følgje på insta: Malin Dahl! Ingen over, ingen ved sida av. 

Beste låt: Føler året har blitt prega av så mykje bra musikk, og at det er så vanskelig å skilje ut den beste. Men eg synest James Bay sin let it go er den nydelegaste sangen eg har høyrt på lenge. 

Eit favoritt mobilbilde: Nutellapannekakene over, altså ser det ikkje sinsjukt godt ut?

Dette gledar eg meg mest til i 2016: Polen med Marta, og det å flytte til Bergen sammen med min bestiss. 

1 kommentar

1 thought on “Årsoppsummering 2015

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *