Ting eg skal i gjennomføre i 2016

Categories Kvardag

Kjenner eg fortsatt ikkje er heilt ferdig med nyttårsforesett, men heller ikkje det faktumet at me lev i 2016. Ganske sjukt liksom. Kor blei tida av? Uansett, så er eg såå glad me er inne i eit nytt år, med nye blanke ark. Det skjer så mykje dette året som eg berre fort hadde lyst å dele med dikka: 

 


 

 

 

1. Gå ned 15 kilo på 3 månadar. Dette er eit veddemål eg har med søstra mi, der eg har tre månadar på meg til å gå ned 15 kilo. Eg veit eg klarar det, men samtidig gir det meg ein så stor motivasjon når det faktisk står om to tusen kroner. Haha, eg har ikkje råd til å betale ho om eg ikkje klarar det. Samtidig vil eg byggje kroppen min til å bli sunn og sterk, samtidig som eg vil få god kondisjon. Så eg trur starten på desse tre månadane kan vere veldig fornuftige for resten av året. Trur det liksom vil setje ein standard for eit sunnare og betre år. 

 

2. Bli flinkare å spare. Dette hadde eg også i fjor, men noko som var ganske umogleg sida eg reiste til Tyrkia annakvar månad. Men no som eg skal inn i min eigen lille leilighet, må eg til å spare! Livet kostar, og ein får ikkje dekka så veldig mykje med pengane ein får hos staten. Som student vil eg kunna bu godt, og ikkje eta nudlar til middag kvar dag. Og ja, eg veit det er sinsjukt hardt, men det er difor eg startar sparekontoen min før eg kjem til Bergen. Det er små triks som kan forandra økonomien litt vertfall. Som blant anna buss framfor bil (sorry Jonas), laga niste kvar dag, ikkje handle unødvendige ting, osv. 

3. Bli flinkare å vise til folk at eg sett pris på dei. Eg føler dette er noko eg er veldig dårlig på visse dagar, og veldig god på visse dagar. Men eg vil uansett bli mykje flinkare til å vise dei rundt med at eg set pris på dei. Dette omhandlar fleire familiebesøk, uansett om det er til Oslo eller på haugen til besta. Samtidig som det også omhandlar små overraskelsar som vil få eit smil klistra på ansiktet. Det treng ikkje alltid vere ein dyr gåve, men noko lite og personleg. Grunnen til at dette punktet er så viktig for meg, er fordi eg har så fantastisk mange gode personar rundt meg, som garantert ikkje er klar over kor viktige dei er for meg. 

 

4. Bli flinkare med bloggen. Er dette eigentleg noko nytt? Føler eg skriver dette veke etter veke, år etter år, men at det aldri blir noko betre. Men denne gangen skal eg verkeleg legge sjela mi i det. I tillegg til at det er så mykje morosamt som skjer, og ikkje minst spennande blir det jo mykje kjekkare å blogge om det. Noko av det eg gledar meg mest til å blogge om er Polen turen med Marta, og flyttinga til Bergen. Kanskje 2016 blir mitt bloggår? 

 

5. Bli flinkare på skulefronten. Med dette så tenkjer eg spesielt på lekser, og skriving av samandrag. Eg er så flink på å utsette og utsette, noko eg så absolutt må slutte med. Dette er jo tross alt siste innspurt før me skal søke på høgskular, og vidareutdanning. Personleg trur ikkje eg det blir vanskelig for meg å komme inn, men ein vil alikevel ha så høgt snitt som mogleg. Noko som betyr at eg berre må prioritere skulearbeid mykje meir. 

3 kommentarer

3 thoughts on “Ting eg skal i gjennomføre i 2016

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *