Min første gang..

Categories Oppsumering

Etter ei god veka utan blogg er det verkeleg på tide med eit nytt blogg innlegg, dessutan blir det nok fleire no i helga som eg skal til Bergen. Tenkte kanskje også å filme ein liten vlog, om det er ønske for det? Eg gledar meg vertfall super mykje, og trur nok det blir ein liten vlog uansett. Anyways tenkte eg å gjennomføre det typiske min første gang innlegget. Så om dikka ikkje tåler kleinhet annbefalar eg å bla nedover. 

 

__________

Min første bh?

Min første bh var ein supersøt mørkegrå snoopy bh. Hugsa at eg kjøpte den med mi dåverda stemor, etter veldig mykje masing. Det var såå stort å kasta den typiske bomull bh’en for ein ordenteleg bh med puter! Woop woop! Det var sjølvsagt i den minste størrelsen, som var alt for stor i “koppane”, men men, kult var det uansett!

Min første ordentlige kjæreste?

Alle som har følgt bloggen min veit nok at dette var Mehmet. Me hadde eit super langt forhold som var prega av både gode, men også utruleg vonde tider. Avstandsforhold er noko eg absolutt ikkje skal inn i igjen, om eg ikkje må sjølvsagt. Og eg skal VERTFALL ikkje bli i lag med nokon som aldri kan komma å besøke meg utan visum. Satsar på at den neste kjærasten min er i nærområdet 😉 

 

Min første ekstrajobb?

Her er eg fortsatt. Om ein ser vekk i frå dei malejobbane, og det å bære ved på hytta i Kaupanger er det nok Veekiosken. Heldigvis har eg jobba der snart i to år, og er stoortrivst der. Betre sjef, og betre kollega skal ein jaggu leite lenge etter. Kjenner det blir veldig, veldig tungt å reise i frå dei alle til sommaren. Er jo blitt så glad i heile gjengen ♥

 


Mitt første kjæledyr? 

Det var nok anten fugelen Gullgutt som eg drepte med Jif flaska, eller hunden Pelle. Trur nok det var Gullgutt, ettersom pappa kom heim med hunden ein fin juledag. 

 

Første sms-tabbe?

Uff, har sikkert hatt mange sms-tabbar, men diverre hugsar eg ikkje så veldig mange av dei. Den nylegaste var vel snappen eg sendte til ei i klassen. Eigentleg skulle eg sjekke opp ein gutt eg fann på hot or not, eller hadde match med, men sendte feil. Hadde ikkje vore noko problem om det stod “kva skjer?”, eller noko i den duren, men neida! Her køyrer me på med full guffe frå første snap og skriv “eg har så lyst på deg”. Flaut? JA!

Første gang jeg farget håret?

Det var nok da mi kjære tante farga håret mitt, og rett frå blondt til brunt blei fort litt for raudt. Hugsa eg først likte det veldig godt, men det endra seg veldig fort, hehe. 

 

Min første tabbe med bryn? 

Har vel eigentleg hatt ganske “stygge” bryn fram til no. Før var dei alt for tynne, så blei dei tjukke medan dei no er heilt okei. Det verste må vel eigentleg vere den fyrste sminkevideoen eg fortsatt har liggjande på youtube, herregud korleis teikna eg bryna mine? Kvifor sa ingen ifrå?

 

Min første ordentlig piercing? 

Eg tok jo sjølvsagt hol i øyrene, men den fyrste ordentlege piercingen er jo navlen. Diverre har den grodd, grunna betennelse, men vurderar å ta den opp igjen. Synest det er såå fint med piercing i navlen, spesielt når ein er litt fit. Så kanskje eg skal ha det som ei “belønning”? At visst eg får flat mage så får eg ta piercing? Hmm. 

 

Min første girl crush? 

Ashley Tisdale!! Sjølv om ho var den største bitcha i High School Musical, og ikkje den skarpaste kniven i skuffa i Zack og Codys søte hotell liv. Ho har alltid vore, og er fortsatt skikkelig, skikkelig babe!

 

Min første addiction?

Det var nok sminken som eg vart skikkelig addicted til i fjor. No har eg ein kommode full av sminke, som skal bli med meg til Bergen. 

 

__________

6 kommentarer

6 thoughts on “Min første gang..

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *