Sverige og fadderveka

Categories Kvardag

Fjo, endeleg avslapping. Den som seier fadderveka berre var stas og kos, well hell no. Dagane her på Gjøvik går verkeleg i eitt, og dagen er ikkje begynt før den allereie er omme. På tirsdag var eg, Rod, Astrid og Henrik ein liten (eller liten og liten) tur til nabolandet. Ettersom me alle er studentar handla me MYKJE mat, og eg handla også MYKJE brus. No har eg fem kilo med kyllingfilet liggjande i frysen (nei, eg er ikkje veganar lenger for den som ikkje har fått det med seg), så eg trur jaggu eg skal bli lei etter eit par veker. 

I går begynte fadderveka, og gjett om eg var nervøs. Det å starta på heilt nye, blanke ark har både fordelar og ulemper, men heldigvis er me mange i samme båt. Me vart delt i totalt seksten faddergruppe, der me hadde dei kulaste fadderane ever. Dei var vekeleg smilande, og blide og tok oss godt i mot. Faddergruppa mi blei eg også meir og meir happy med, ettersom kvelden gjekk. Me hadde det såå kjekt på Erik og Kriss, og eg blei kjent med dei som skal vere klassekameratane mine dei neste tre åra ♥

 

2 kommentarer

2 thoughts on “Sverige og fadderveka

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *