NTNUs største flause

Categories Kvardag

Endeleg helg! Men sjølv om det er helg betyr det diverre ikkje at skulebøkene ligg i skuffa, og eg er ute og festar. Hell no, det er nok heller i motsatt retning. Etter å ha levert inn samfunnsvitenskapsoppgåva vår for femte gong, og fått ikkje godkjent igjen, blir nok den prioritert godt i måro. Er nok den boka pluss anatomiboka som blir med meg på skulen i måro. Hadde aldri trudd at den ikkje blei godkjent når ein har jobba så hardt med ei oppgåve, men men. Shit happens. 

SAMSUNG CSC

I dag, eller rettare sagt i kveld, har eg hatt ein skikkelig chillekveld åleine. Kanskje like greitt å lade opp batteria til ein ny, heftig dag i måro.Har faktisk unna meg litt luksus, og kjøpt baguettar for seks kroner som eg skal ha til frukost i måro tidleg.Trur ikkje det blir galt med eggerøra og bacon til frukost. Men fyrst, lat oss skru tilbake tiden litt. I dag hadde me introduksjon til simulering, der vi satt eit par basisgrupper i ein slags forelesning. Då læraren snakka høyrer eg plutseleg tidenes brak, men eg dett ned på bakken. Trur du ikkje stolen min knakk? F L A U T T. Sverga på at eg ikkje er så tung ein gong, men den knakk vertfall. Etterkvart som eg skulle reise meg opp klarte eg å rive med meg buksa, og eg fekk fine hol midt på rumpa. Heldigvis var det ingen som såg akuratt hola, men trur eg skal bli godt hugsa for “ho som knakk stolen”. 

 

1 kommentar

1 thought on “NTNUs største flause

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *