“Somalia neste for ho der, ho må vere sjuk”

Categories Deep

No kjente eg rett og slett at eg berre måtte setja meg ned, få ut følelsane og frustrasonen og håpa på at nokon tek det her innover seg. Den siste tida har Malika Bayan prega nyhendebiletet, ettersom ho vart nekta hårklipp grunna sin religiøse ståstad. For det første, kva i alle dagar? Og det at frisøren kjem med argument som “ho kan gøyme eit våpen under hijaben sin” og “hijab er ikkje kopla opp mot islam, men er eit politisk verkemiddel frå islamismen”. Ærleg talt, lær deg fakta kjære frisør. Gøyme den under hijaben sin? Visste du at dei fleste sjølvmordsbombarar er kledd med vanlege kleder? Visste du at Breivik hadde på seg ein politiuniform og Hitler nazistuniform? Det handlar verkeleg ikkje om kva slags kleder du har på deg, det handlar rett og slett om respekt. Når mennesker respekterar deg, skjønnar eg ikkje kvifor det er så forbanna vanskelig å respektere dei tilbake! Me er alle vaksne mennesker, og eg håpar dei fleste av oss er gode nok til å skjønna at mennesker er ulike.

“Ein ting er viktig her – ingen terroristar er muslimar… Kanskje “muslima”! Islam er ein fredfull religion. Media (dessverre) framstille det som noko grufullt- og det er med på å skape mykje frykt.” 

Når eg bledde nedover facebook sida i dag, såg eg at faren til eine vennina mi hadde delt eit innlegg. Dette innlegget handla om at Malika eigentleg er norsk og heiter Charlotte Antonsen, der dei klagar på at media ikkje har fått fram dette. Kvifor i alle dagar er det så viktig? Skal mennesker bli dømt frå deira fortid? Fortjener ikkje mennesker nye sjansar? Du har sikkert gjort mykje dumt i livet ditt du også, men skal du bli hugsa for det til du er ferdig? I løpet av mine nitten år har vertfall eg, personleg, gjort sinsjukt mykje dumt, men skal ein bli snakka om for det resten av livet? 

Men, det som gjer meg mest kvalm er å sjå kva vaksne, oppegåande mennesker kommenterar. Når ei mor eller far skriv slike ting lurer eg berre på ein ting; har du høyrt om menneskelegheit? Nestekjærleik? Respekt? Om ein kunde kjem inn i skobutikken og vil kjøpe eit skopar, skal ho få lov til det, ho skal få eit smil og eit spørsmål om hjelp med eller utan hijab. Når skal me mennesker forstå at ikkje alle er like? Er alle kvite hitler? Nei. Er alle norske Breivik? Nei. Er alle muslimar terroristar? NEI. Så vaksne mennesker, prøv, berre prøv å sett dikka inn i ein situasjon. Malika er dattera til nokon, ho er bestevennina til nokon og ho er eit medmenneske. Så slutt og vær så forbanna fordomsfulle, 

Vaksne mennesker, virkelig?!

 

2 kommentarer

2 thoughts on ““Somalia neste for ho der, ho må vere sjuk”

  1. Sinnsjukt bra innlegg- men ein ting er viktig her – ingen terroristar er muslimar… kanskje “muslima” ! Islam er ein fredfull religion. Media (dessverre) framstille det som noko grufullt- og det er med på å skape mykje frykt. La folk få Fred uansett farge eller religion.

  2. Selvfølgelig er det relevant for saken??? Virker som hele dama er en scam jo, hvor mange muslimer kommer ikke til å reagere på det her

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *