Veka som har gått

Categories Oppsumering

Ja ja ja, eg lev. Såvidt. Neida, uff, eg berre tulla. Unnskyld for at det er så lang tid mellom kvar gong eg blogga, men eg SKAL bli mykje flinkare okei? I promise. Sida eg ikkje har blogga heile veka, så kan eg ha ein liten slik vekesoppsumering. 

Vekas grunn til å smile: Har absolutt ingen grunn til å ikkje smile! Livet smiler faktisk så sjukt for tiden, og eg er så lykkeleg. Eg har fantastiske venner her på Gjøvik som eg er blitt så glad i, beste basisgruppa, fine festar og litt ekstra attåt.

Vekas utfordring: Eksamen, garantert. Synest eigentleg det er ganske sjukt å ha gått på NTNU i tre veker før fyrste eksamen kom. Seier som regel “så lenge eg ikkje stryk”, men det blir ikkje akuratt ei godtone på vetle Sussi om ho får E heller. 

Vekas opptur: Fredagens festlegheitar var verkelg kjekt! Diverre har eg ein tendens til å gå på ein smell på desse flotte Gjøvikfestlegheitane, også denne gongen. Dei blei litt for mykje godt i glaset for snuppa, og ho blei litt for svolten og reiste difor heim i stadenfor å sjå på Highasakite. Ikkje akuratt min beste prioritering. 

Berre sjå på denna fantastisk fine plassen, her blir det mange sjukt fine bilder!

 

Vekas nedtur: Det som er nevnt ovanfor. Kven i helsikke stikke heim frå Highaskite for mat? Og berre for å smake på toppen av kransekaka ha alle sagt at konserten var himmelsk. Ja ja, jedna lika greitt eg reiste heim når sengi plutseleg blei til ein karusell. 

Til neste veke: Skal eg bli sååå mykje flinkare til å blogge, og har allereie funnet mange fab spots eg kan ta dritfete outfitbilder. Kanskje eg orkar det allereie i måro, nei veit du ke? Eg skal gjere det i måro. No ere fuckings back on track. 

Akkurat no: Etter mange år med stappfull pc og mobil har eg bestemt meg for at i kveld er grevens tid for å fikse dette ved hjelp av min nye harddisk eg har kjøpt spesielt tilpassa denne situasjonen. 

2 kommentarer

2 thoughts on “Veka som har gått

  1. Så bra livet smiler sånn for tiden 😀
    Rart å ha eksamen SÅ tidlig ja ;o
    Kjedelig at det ble litt mye alkohol og du heller dro hjem å spiste enn å se konserten. Skjønner deg jo godt da. Men ser den at det var kjipt å gå glipp av (:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *