Girl on fire

Categories Kvardag

SAMSUNG CSC

Hallaaa! Gjett kven som har trent, vaska bad, støvsugd hybel, vaska kle og laga middag? Yep, this gurl is on fire. Stod tidleg opp i dag, eller tidleg og tidleg, for å få noko ut av dagen. Skulle eigentleg ha forelesning i dag, men den blei utsatt så me fekk “jobba heime”. Heh, blir ikkje mykje til jobbing da. Men har no fått litt ut av dagen uansett. Veit eg lovde outfitbilder, men er litt seigt å stå under ein paraply og øydeleggje kameraet med regn, ikkje sant? Difor får dikka heller nøye dikka med eit par selfies. 

SAMSUNG CSC
 

No ventar min aller fyrste stenging åleine på Shoeday, og eg er ganske nervøs. Trur eigentleg eg skal klare å få det greit til så lenge eg hugsar alt eg skal gjere. Plar heller ikkje å vere så voldsomt med kundar på ein mandag, så reknar med det blir relativt stille. Ein ting er sikkert, og det er at spennande blir det uansett. 
 

3 kommentarer

3 thoughts on “Girl on fire

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *