Alle burde ha ei mamma som deg

Categories Kvardag

Endå ei ny veke er ferdig, og eg er straks klar for å sei hade til mamma som har vore på besøk hjå meg i helga. Eg var jo på jobb på fredag, men da eg kom heim hadde ho vaska hybelen, badet, glasa, vaska kleder, laga pizza og stelt ting i stand for meg. Nesten som ein er på hotell i sin eigen lille leilighet. I grunn er det ganske deilig å bli dulla litt med, i og med at eg som regel er åleine her. I går var me også ein tur nedom på CC der me shoppa, tok oss ein kaffi og seinare på kvelden gjekk ut for å ete middag. 

I dag har me vore på ei litta tur, berre for å komme seg litt ut i frisk luft. Eg er verkeleg såå takknemleg for at eg har ei såå god og snill mor som gjer sitt beste for at eg skal ha det bra. Mamma, du er min favorittperson, og eg set pris på alt du gjer for meg ♥

2 kommentarer

2 thoughts on “Alle burde ha ei mamma som deg

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *