Fresh cotton

Categories Kvardag

SAMSUNG CSC

Detta. Lyset. Luktar. FANTASTISK. Da mamma var her forrige veka var jo me sjølvsagt ein tur nede på CC berre for å sjå litt. Alle som kjenner meg veit kor svak eg er for duftlys, og eigentleg levande lys generelt. No som eg har flytta aleina har eg sikkert tent opp fem-seks duftlys allereie, og dei brenn i grunn ganske seint. Synst det berre luftar så digg, samtidig som det er så koseleg med levande lys når ein slappar av framfor tven. 

SAMSUNG CSC

I dag har vore ein skikkelig rolig søndag der eg berre har styrt litt på her heime, trent og slappa av. Har begynt på Grey’s Anatomy, og har heilt hekta. I tillegg kjenner jo eg att nokre av orda dei brukar, så litt læringsutbytte får ein også. Vertfall bittelitt. Planen for resten av kvelden er å laga ein digg smoothie, og berre slappa heilt av med Grey’s på tven. Perfekt avslutning på ei fin veke. 
 

7 kommentarer

7 thoughts on “Fresh cotton

  1. hei! kan du skrive eit innlegg der du forklarar kva bæsjen seier om ein person? tenker det kan vere et interesant tema å ta opp! Til lykke med bloggen og innlegget

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *