Tilbake til livet

Categories Kvardag

Anatomi, done. Feiring av anatomi som er ferdig, done. Julemodus, on! Tenk at eg aldri lenger skal ha anatomi og eg er ferdig med det eg ser som det værste faget ever. Siste dagen før eksamen satt me og hadde ein liten quiz der me følte oss SÅ godt forbredt, kjem på fredagen og får om forplanting og sansar. Ein kan godt seie at det var mange som fekk seg eit lite sjokk. Men no er det heldigvis ferie og eg trur eg skal stå på den eksamen. Rett etter eksamen var levert var eg på CC med Ingrid, før Jonas kom. Han skal vere her til me skal heim sammen på tirsdag etter eg har stripa håret. 

Fredags kveld blei det også ei litta tur ut på Gjøvik by med jentene eg er blitt så glad i (pluss han som sit på do). Eg synest det er skikkelig sjukt at eg har fått så mange nye gode venner på så kort tid, ærlig talt. Snakk om å samle verdas snillaste og beste jenter i ei basisgruppe. Basisgruppe 16 ♥ Så i dag skal eg jobbe, samme i måro, stripe håret på tirsdag så bær det heim til mor. Skal bli så deilig å komme heim til mamma, dekka bord og berre slappe totalt av. Skal jobbe masse på kiosken også før me reiser til Polen andre juledag. Har på følelsen at dette blir ein bra juleferie.

0 kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *