this christmas

Categories Kvardag

Denna jula har vore SÅ fin, og eg har endeleg fått feira den med alle mine søsken, mamma og tantebarn. Dagen starta med å våkne med at nissen (les:mamma) la godteri i favorittjulestrømpa. For å sei det slik var den ganske full som vart eten litt på her og der, men som fortsatt ligg klar til å ha med meg i bussen i måro. Du veit, Susanne og Jones Macarones skal til Polen, om me kjem oss dit da sjølvsagt. 


 

Julelunsjen er verkeleg julas høgdepunkt der ein har alt pålegg ein kan ønskje og draume om. Når du sit der tenkjer du verkelg på alle dei som ikkje har noko mat, og/eller ikkje tak over hovudet. Verkeleg glad over kor bra eg har det, og skikkelig takknemleg for alt og alle eg har i livet mitt. Vidare så var det jo om og gjere og ikkje stappe i seg mat eller godteri, som vart misslykka for min del, før middagen. Tradisjon tru reiste eg og mamsen i kyrkja med mamma for å slå ihjel litt tid, samt halde på tradisjonen. 

Etter kyrkja reiste me opp til Gry der me skulle feira jul alle sammen. Det var SÅ godt med julemiddag at eg berre åt meg ihjel, no kidding. Eg var så dårleg etter eg åt at eg trudde nesten eg måtte på pumping. Julenissen kom og da vart heldigvis alt mykje betre ettersom pakkene vart lest opp. Det var vertfall veldig fint at ungane vart fornøyde og hadde ei veldig fin jul. Eg fekk vertfall den finaste gåva i verden, nettop å feire jul med alle mine kjære og nære ♥

 

3 kommentarer

3 thoughts on “this christmas

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *