POLAND

Categories Reise

Jippi kaiai! Enedeleg etter mykje om og men med peng, jobb og drittvær er me komt oss til Polen og har sove fyrste natta god Marta. Herregud folkens, Polen er så billig og så fint. Når me var på matbutikken og handla i går brukte me tohundre kroner og fekk rundt fire posar med mat, det er så sjukt. Etter me komt ned har vertfall eg berre blitt sjokka over kor sinsjukt billig mat er her nede. Diverre er månadslønna til polakkane ikkje like god som vår i Norge, så det er jo sjølvsagt ikkje like billig for innbyggjarane. Men omg, ei flaske med ein liter vodka kostar liksom seksti kroner. Hadde eg budd her hadde eg kosa meg, for å sei det slik. 

I går gjorde me ikkje så mykje, eller eigentleg jo. Me var jo og åt mat som var deilig (og sjølvsagt billig). Eg åt pasta med krema spinatsaus og drakk oreomilkshake. Ikkje berre at det er billig, men som skrivet ovanfor så er det sinsjukt god mat her. Etter me åt køyrte me litt rundt og fiksa forskjellige ting, før me på kvelden reiste på kino. Kinoen var ikkje så mykje å skryte over, fordi eg som sagt, igjen, ikkje likar Science-fiction filmar. MEN popcornet var verkeleg himmel, altså caramel popcorn er det beste eg har smakt. NAM. Gledar meg litt til kino slik at eg kan eta det kinoet igjen. 

3 kommentarer

3 thoughts on “POLAND

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *