My new love

Categories Sminke

Yay, jippi kaiai, eg er tilbake. Vertfall litt, så får me sjå kor lenge eg faktisk klarar å halde det oppe denne gongen. Har jo sagt til alle at eg har så lyst til å byrje å blogge igjen, men så er det liksom kva ein skal blogge om. Kva har dikka lyst til å lese om? Kva synest dikka er interessant? Eg prøver meg litt fram, så får dikka gi eit pip om kva dikka vil ha meir av. 


Eg var faktisk heime til mamma i helga, noko som var sinsjukt koselig. Det er alltid deilig å komme heim når ein har flytta ut, slik at ein blir dulla med igjen. Lørdagskveld blei det ei lita feiring av bursdag, og søndag av morsdag. For ei fin mamma eg har som alltid er der for meg, og i tillegg til å vere verdas beste mamma, er verdas beste vennine ♥ Medan eg var heime var det ei pakke som var komt, og det var den nye kjærleiken min: 

SAMSUNG CSC

 

Sjå på denna nydelegheita frå Morphe da! Herregud. Materialsk lykke på høgste nivå. Lenge har eg prøvd og fått tak i dette palettet, men det blir alltid utsolgt på beautybay, så eg kjøpte det faktisk på Morphe si eiga side. Dette pallettet har absolutt alle fargane eg treng i livet mitt. Med chocolate bar og detta pallettet treng eg faktisk ikkje nokon andre, og har eigentleg tenk å gi vekk resten av sminkepalletta mine. Før handla det om å ha mest sminke, men no bryr eg meg meir om kva sminke eg faktisk har. 

SAMSUNG CSC

Best av alt, du får føri FANTASTISKE skyggar for 193 kroner (utanom frakt). Kvaliteten og pigmenteringa er heilt sinsjuk, og eg gleda meg masse til å bruke denne herlegheita både til kvardag og fest. På biletet under har eg swatcha dei finaste fargane i verda for dikka. Dei er så silkemjuke, og ein treng så vidt å dyppe fingeren i fargen før ein får full effekt. LOVE IT!

SAMSUNG CSC
 

5 kommentarer

5 thoughts on “My new love

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *