Sunday thoughts

Categories Deep

Hadde eg visst det eg veit no for fem år sida hadde alt vore så mykje betre. At den usikre Susanne, som prøvde absoutt alle diettar og treningsmåtar, skulle føle seg bra var da ein absurd tanke. At den ordentlege kjensla av kjærleik eksisterar. Sommarfuglane som flyr overalt i magen kvar einaste gong eg ho stryk dei mjuke fingrane sine mot ryggen min. Den unge, usikre Susanne skulle visst at det er greit du synst jenter er vakre, og det er greit at du kan forelske seg i ei. Det er ikkje noko annarledes å vere forelske i ei jente eller ein gutt, for begge deler er lika fantastisk. Ho skulle visst at falske venner kjem og går, men dei ekte vennene er der konstant når du treng dei. 

Eg skulle visst at å vere som alle andre er ikkje det beste. Det er ikkje alltid jentene med blondt hår, flat mage og bra rompa som blir lykkeligast. Faktisk så handlar alt om meg. For at andre skal like meg, må eg faktisk like meg sjølv fyrst. Men lite visste eg da eg var femten og stod oppi det sjølv. Lite visste eg at eg ein dag skulle gi totalt faen i korleis eg såg ut, ikkje leita etter feil i spegelen, men berre vere hundre prosent lykkeleg.
 

4 kommentarer

4 thoughts on “Sunday thoughts

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *