Well spent weekend

Categories Kvardag

For ei fin helg eg har hatt i Gol med a mor og reservepappsen. Dei forhåndspubliserte innlegga blei det ikkje mykje til, rett og slett grunna for lita tid. På torsdag før eg reiste var eg jo på jobb, så det blei ikkje mykje tid da. På Gol var internetten værre enn eg hadde trudd, og eg brukte gjennomsnittleg ti minutt på å åpne ein snap. Kosleg. Men kva treng ein internett til når ein har så mykje å finne på og så godt selskap? 

For å oppsummere helga skal eg prøve å vere litt kort. Fredagen starta med å gå på ski (i svarte jeans, faktisk) med mamma og Karl Johan. Det var heilt nydeleg vær, som dikka ser på det fyrste bildet. På toppen blei det litt mat, sjokolade og sjølvsagt kakao. Skitur utan kakao fungerar faktisk ikkje. Etter me hadde vore på fjellet køyrte me heim, og eg ordna meg kjapt før eg reiste på russerevy sammen med min kjære. Russerevyen var bra, skituren var bra, menneska var bra og dagen var rett og slett perfekt. 

Fredag var skikkelig bra, og laurdagen var like fantastisk. Eg og mamsen tok ein tur innom senteret og litt diverse butikkar, der eg kjøpte meg ei RÅ buksa. Eg har leita så lenge etter ei boyfriend jeans som passar, men endeleg fann eg ei som satt perfekt. På cafeen satt me og oppdaterte oss om Sundby som knekte staven, og koste oss med litt mat og drikke. Vidare var det generelt avslapning, pizza og ein liten snue innom Ål på kveldinga for å ligge litt i armane til den fine dama mi. Gledar meg sjukt til ho kjem på onsdag og skal tilbringe fem heile dagar saman med meg. 

I dag har me hatt ein fin søndag med turgåing, TV-sjåing og sjølvsagt fastelavensbollar. No er eg tilbake i Gjøvik, klar for ei ny, fin veke med full skulefokus til onsdag, før madammen kjem i hus. Takk for ei fin veke, og velkommen til den nye ♥

 

2 kommentarer

2 thoughts on “Well spent weekend

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *