Favorittbuksa

Categories Antrekk

Tenk at eg er så heldig å ha min eigen personlege fotograf! Ingrid stilte opp igjen med å knipse nokre bileter av meg rett etter skulen. Eg hadde planar om å ta dei sjølv meg sjølvutløysar, men kameraet mitt er verkeleg ikkje på sitt beste. Eg sparar opp til nytt kamera som sikkert blir kjøpt etter eg har fått stor lønning. Valet står da mellom Olympus Pen E-PL7 eller Sony A500. Me får sjå kva det blir til. 

Me satt på skulen til fire tiden, før me hoppa i bilen og satte kursen ned mot kaien. Det er så mykje finare her når det ikkje er snø, men man taver det man haver. Eg har enda ikkje tatt av meg sminken, og eg gledar meg til å kunne fjerne den. Å fjerne sminka må vere noko av det beste med å komme heim. Eg tenkte meg faktisk på trening i kveld også, etter eg har svippa ein tur innom Astrid på Kremmerhuset. 

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Her på desse bilda ser dikka forresten buksa eg snakka om i gårsdagens innlegg. Er den ikkje kul? Den passar perfekt, sit som eit skudd men uheldigvis får eg camel-toe i den. Pytt pytt, alle har vel sett eit kvinnleg kjønnsorgan før? Det er berre sånn det er, og eg skjønnar ikkje kvifor folk heng seg så opp i akuratt det temaet. 

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

 

 

8 kommentarer

8 thoughts on “Favorittbuksa

  1. knall fin stil har du og så kjekt at veninna de stiller opp med å ta bilder:D netopp vært på trening selv. godt etter på så du kommer ikke til å angre om du tar deg en tur på trening.
    vakreste du <3

  2. Det lille med flipscreen. Jeg gikk fra et Canon speilrefleks til nettopp a5000 fordi det er så lettere og mindre å dra med seg. Har sammenlignet bildene fra de to forskjellige kameraene og klarer ikke se noen forskjell, så er veldig fornøyd med det 🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *