OSLOVE

Categories Video

Endeleg tilbake på blogg.no etter ei utruleg fin helg saman med min kjære i Oslo. Me hadde det skikkelig, skikkelig koselig sjølv om været ikkje heilt var på vår side. Det var direkte ISKALDT i Oslo, og eg reiste berre i ei skinnjakke, heh. Smarte Susanne. Planana vore var å møte Catrine, ete digg mat, kino, museum og møte Sigrid og Jenny. Alt dette fekk me til på to dagar, utan kino. Me fann ut at det blei så seint at me heller tok oss to rundar Gruble i senga, som i grunn var ti gongar koselegare. For å gjere opp for ingen blogging i går har eg filma nokre klipp, satt dei saman og lagd ein liten film til dikka. Så da er det berre til å seie: snurr film!

Eg må berre skrive under på ein ting; eg har verdas finaste kjæreste både på innsida og utsida. Eg elskar deg til månen og tilbake kjære Malin min, for alltid.
 

 

#oslo #museum #kunst #kjærlighet

2 kommentarer

2 thoughts on “OSLOVE

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *