Ting eg vil i mars

Categories Oppsumering

OPPNÅ 100 %. Med dette punktet meiner eg at eg skal prøve å oppnå hundre prosent på pulsklokka kvar dag, vertfall i kvardagane. Å vere student er verkeleg ein belastning for helsa, i den forstand at ein sit stille så mange timar av kvardagen. Skal ikkje ligge i hardtrening kvar dag, men prøve å oppnå hundre prosent ved til dømes å gå turar, eller rett og slett berre vere litt meir aktiv. 

DRIKKE MEIR VATN. Herregud så dårleg eg er på dette punktet. Eg drikk kjempe lite vatn, og det er noko eg berre MÅ bli betre på. Kroppen har så mykje nytte av å få mykje vatn. Dessutan fører mykje drikking av vatn til finare hud, betre helse og at ein enkelt føler seg så bra. 

 

STÅ PÅ EKSAMEN OG PASSERINGSTEST. Mars er ein utruleg fin månad, men her i Gjøvik er den fylt opp med to eksamenar og ein passeringstest. Fyrste eksamen er allereie om elleve dagar, og den føler eg er vanskligast. Pensum er heilt enormt stort, og det er så mykje å lære seg. Sjølv om det er mykje å læra har eg eit mål om å få C på denne også. Ei halv veke etter klinisk eksamen står passeringstesten for tur. Målet mitt er også å klare den på fyrste forsøk, slik at eg kan bruke dei resterande dagane på å øva på medikament som er torsdag den 30. 

ETE SUNT OG RIKTIG. Etter me var i Oslo i helga føler eg meg verkeleg dritt, etter all maten me åt. Mc Donalds var vår beste venn, og det blei is kvar dag der. Forresten må eg berre tipsa om McFlurryen med Twix. Satan den er god. Uansett, så vil eg tilbake til gode matvanar, noko eg har holdt i to dagar (bortsett fra to pringles flak). Skal sjølvsagt kose meg i helgene, men i kvardagane skal eg prøve å leve så sunt som eg kan. Kroppen treng gode næringsstoff, så kvifor ikkje gi det til den?

FASTE LEGGERUTINAR. No har eg lest og lest i boka om kor viktig det er for søvnen å ha gode leggerutinar, og dette er noko eg vil klare. Ettersom eg og jenta mi facetimar kvar kveld gløymer me fort vekk tiden, og klokka blir fort for masse. Så fra no av skal eg leggja meg maks klokka halv tolv. Vanlegvis blir klokka rundt tolv-halv eitt, men no skal det skjerpast. Eg veit eine vennina mi legg seg klokka ni, men det er ikkje noko som funkar for meg. Søvn skal vare i sju til ni timar, og eg skal difor prøve kvar dag å våkne klokka åtte, slik at eg blir opplagt. 

OPPRETTHALDE GODE BLOGGRUTINER. Eg føler eg har vore såå flink den siste tida til å blogge, med fine bilder, god tekst og prøvd å blogge eitt innlegg per dag. Dette resulterar jo sjølvsagt i fleire lesarar, og kanskje eg blir kjendis ein vakker dag. Neida, joda..

                                         

 

5 kommentarer

5 thoughts on “Ting eg vil i mars

  1. Blir med på drikke vatn målet eg ass, e jo berre pepsi max i årene mine

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *