Susanne tipsar – Te

Categories Susanne tipsar

Mandag og ny veke har endelig ankommet, og eg sit klar med ei ny “spalte” som eg skal ha på bloggen. For å variere litt, og tipse dikka fine lesarar om ulike ting, har eg kommet opp med “Susanne testar”. Dette er innlegg der eg deler noko som eg vil anbefale til verda, fordi det er fantastiske produkt. Innlegga kjem når eg har noko å formidle, det kan vere alt frå kvar veke til kvar månad. Alle innlegga vil bli lagra i ein kategori som eg kallar Susanne testar, sjølvsagt. Håpar dikka er like spente som meg på dette lille prosjektet mitt, med det sagt, lat oss starte det her. 

SAMSUNG CSC

Denne veka er det ikkje noko meir spennande enn min favoritt te. Men det her er ikkje korleis som helst te, men verdas beste te (vertfall for meg). Den er litt spesiell, så du får kun kjøpt den på nettet, og ulike helsebutikkar. Det som gjer den så spesiell er at det er utruleg mykje smak av den, sjølv om eg har to sukketbitar oppi. Etter fyrst å ha smakt teen på jobb, tenkte eg at eg måtte få tak i den. So I did. 

SAMSUNG CSC

Favorittsmaken min er nok peach paradise, eller apple & cinnamon. Best av alt er det at teen er koffeinfri. Te har også mange gode helsefordelar, og eg tenkte å nemne fem av dei for dikka: 

ANTIOKSIDANTAR. Te i seg sjølv inneheld masse antioksidantar. Antioksidantar er med på å oppretthalde eit godt immunnforsvar, og reparerar celler som er øydelagte i kroppen.

STYRKA BEINA DINE. Dette punktet gjeld spesielt grønn te. Grønn te har masse viktige stoff som er med på forebygging av osteoporose, nemleg beinskjørheit. 

HJARTE- OG KARSJUKDOMMAR. Jepp, det er også med på å forebygge dette. Studier viser at dersom ein drikk minst tre koppar dagleg med te, er ein med på å forebygge hjarte- og karsjukdommar. Da tenkjer dikka sikkert berre; puff, høyrt slikt tull da? Men nei, faktisk ikkje. Flavonoidar er eit stoff i teen, som er med på nedbryting av feitt, som igjen fører til at det ikkje legg seg ulike feittlag i årene dine.

SVULST OG KREFT. Desse flavonoidane i teen har også vist effekt på krymping av svulstar, og vil difor dermed også ha effekt som eit kreftforebyggjande tiltak. 

SENKA BLODTRYKK. Svart te har tydlige tiltak mot blodtrykket. Årsaken til det er fordi teen vil senka kortisol-nivået i kroppen. Kortisol er eit stresshormon som får hjerna til å sende ut beskjed om å auke blodtrykket. Drikk ein svart te, vil ikkje produksjonen av kortisol vere like stor, som fører til eit senka blodtrykk. 

SAMSUNG CSC

4 kommentarer

4 thoughts on “Susanne tipsar – Te

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *