Minnie mouse

Categories Antrekk

 

Då var endå ein dag ferdig med eksamenslesing, og eg er klar for å tilbringe nokre timar på klinikklabben. I dag har eg gjort eit eksamenshefte utan fasit, og det gikk greit. Sjølvsagt får me ikkje heilt lik eksamen som dei i fjor fikk, men det kan jo vere spørsmål relatert til same eksamen. I måro og torsdag har eg tenkt å repetere, lese litt oppsumeringar og sjå på forelesningsframføringane. Det er sjukt at eg faktisk er mindre motivert til denne eksamen enn eg var til anatomien, og der var eg lite motivert! Heldigvis har eg klart å fokusere i dag, og fått noko ut av dagen. Etter å ha gått gjennom eksamensheftet følte eg at eg vertfall kunne NOKO. 

Då eg og Astrid var i Lillehammer fekk me tatt nokre kule outfitbilder, igjen med den blå jakka og sjølvsagt holzweiler skjertfet mitt. Eg har funnet ut at nokre klesplagg elskar eg, og dei brukar eg all the time. Kanskje det er difor eg ikkje har verdas største klesskap og? Ja ja, det er betre å ha nokre få plagg ein verkeleg er nøgd med og brukar, enn hundre stykk kjøpt på salg kun fordi dei var billig. 

 

 

4 kommentarer

4 thoughts on “Minnie mouse

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *