Kvifor sjukepleie?

Categories Kvardag

Tenkte berre å leggje ut litt bilder frå gårsdagen då me var og øvde på ulike prosedyrar. Då eg søkte rundt på nettet etter bloggarar som la ut noko om det, var det utruleg lite å finne. Eg tenkte difor å dele litt av kva me gjer på her på sjukepleien og kvifor eg valte å gå akuratt innan dette. Personlig føler eg at helsepersonell og sjukepleiarar blir sett ned på, i forhold til andre jobbar som økonom og advokat. Sjukepleiarar har ein utruleg givande, men krevjande kvardag der ein må gjennom mykje. Eg elskar at ting skjer, som kanskje var ein av grunnane til at eg valte akuratt dette yrket, spenningen. Sjukepleiar er også så mangt, og det er så mange linjer ein kan speialisere seg innan. Jordmor, intensivsjukepleiar, akuttsjukepleiar og sjukepleiar som jobbar på ulike psykiske institusjonar er berre nokon.

SAMSUNG CSC
 

SAMSUNG CSC

Å gå på sjukepleien er så mykje meir enn korleis eg framstiller det. Det er ikkje berre vansklige ord i anatomien og mykje pensum i klinisk. Om du går sjukepleien har du tilgang til å øve på dei praktiske prosedyrane konstant, og du skal også mykje i praksis. Gjennomsnittleg er det eit og eit halvt år med teori og det samme med praksis. Det er nettop derfor eg valte det her! Det er så deilig å kunne bruke alt ein lærer i bøkene og på skulen innan det ein faktisk skal jobbe med. Ein har ikkje lenger religion og tysk, men kun dei faga som virkelig er nødvendig for at ein skal kunne bli ein god sjukepleiar. 

Av prosedyrar har me gjennomgått sengeredning både med og utan pasient, kateterisering, injeksjonar (innsetting av flytande medisin gjennom sprøyte), sengebad, HLR, munnstell og forflytting. Å ha ein dag med praksis i veka hjelper virkelig på! Ein får litt variasjon frå og kun sitje i ein forelesningssal, samtidig som det er noko du faktisk har brukt for. 

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Ut i frå alt dette vil eg berre seie at dei som er i tvil om å velge dette yrket, bør gjere det. Det er interessant, lærerikt og ikkje minst spennande. Ein veit verkeleg ikkje kva ein møter frå dag til dag, noko eg ser på som utruleg spennande! 

1 kommentar

1 thought on “Kvifor sjukepleie?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *