Oppskrift – bananpannekaker

Categories Oppskrift

Dagen før eksamen, og det einaste eg skal gjere i dag er å slappe av, blogge og bake. For nokre dagar sida gikk eg gjennom kategoriane mine på bloggen, og fann ut at det er LENGE sida eg har delt ei oppskrift. Det blir jo ikkje akuratt så mykje baking ettersom det er dyrt, og eg er student, men av og til har eg nokre kroner ekstra, som i dette tilfelle. 

SAMSUNG CSC

Bananpannekaker er det enklaste å lage, billig, smakar godt og det er mettande! Altså, kor sjukt deilig ser ikkje det her ut? Og det beste av alt er at du kan toppa det med akuratt kva du vil. Mine favorittar er cottage cheese, jordbær, hakka sjokolade, rørte bær og vaniljekesam. Så da gir eg dikka oppskrifta og håpar verkeleg dikka vil prøve å lage det. Den so ikkje gjer det bør andre: 

Ingredisensar: 

Ei banan

Eitt egg

Havremjøl til du får den konsistensen du ønskjer

SAMSUNG CSC

Framgangsmåten er så enkel at det eigentleg ikkje er noko poeng i å forklare det veldig spesifikt. Du mosar banana med gaffel, eventuelt stavmiksar for å få den enda finare. Vidare blandar du inn eitt egg, og havremjøl til du får ei mellomtjukk røre og steikar dei. Tadda! Perfekt som frukost, lunsj eller kvelds. 

5 kommentarer

5 thoughts on “Oppskrift – bananpannekaker

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *