Herregud så deilig det er å endeleg kunne puste letta ut over ein vel gjennomført eksamen. Den var virkelig ikkje så ille eg trudde den kom til å vere, og skal eg vere ærleg satsar eg på C. Så no er det berre å vente fire veker på svar, så var den eksamen ute av minnet også. Er det noko som er ille med å gå på slike universitet og høgskular er det at det går fem hundre år før ein får svar på ein eksamen, men ein har jo ikkje anna val enn å berre finne seg i det.
No står passeringstest på timeplanen på mandag, og eg får heldigvis øvd litt på søndag. Eg skal jobbe heile helga, eller altså laurdag og søndag så skal snart køye meg. Dette blir mine fyrste skift som ikkje er på opplæring, og eg er kjempenervøs. Håpar ikkje dei som jobbar med meg blir sure om eg spør for mange spørsmål, og at eg kun får dei enklaste pasientane. Vertfall i måro.
Kor deilig ser ikkje denne middagen og desserten ut? Me var ute og feira eksamen ein overstått på Salt & Pepper. Annbefalar alle som er i Gjøvik eller Hønefoss å ta turen innom, såå god mat til ein rimlig penge!
Ser veldig godt ut! 😀
Så god maten og desserten så ut! 🙂
mmm deilig!