3 Sminkefavorittar

Categories Sminke

SAMSUNG CSC

Passeringstesten blei godkjent, og eg er no på plass heime i sofaen av mamsen og stefar min. Eg fekk blodtrykks- og pulsmåling på passeringstesten, og stod med glans. Å få den godkjent var virkelig smud, ettersom eg hadde pakka og var ganske klar for å komme heim til Årdal. Etter eg hadde stått gikk eg til bilen og køyrte i retning heim. I dag har eg vore av besta, ete middag og catcha opp med familien. Er alltid så deilig å komme heim, høyre nytt sladder samt berre nyte selskapet i min flotte familie. 

I dag ville eg berre dele dei tre beste sminkeprodukta eg har prøvd! Då eg var i Gol for ei stund sida klarte eg å gløyme sminkemappa mi, så eg har gått på reservesminke i to veker. Og ikkje ha desse tre produkta har vore værst, så eg tenkte difor å dele mine ABSOLUTT største favorittar her. 

SAMSUNG CSC

First up er highlighteren Mary Lou Manizer, som er the one and only. Har du denne i sminkepungen din kan eg love deg at du ikkje treng andre higlighterar i kolleksjonen din. Her kan du få ein fin og naturlig glød, om du tek på minimalt og sprayar deg med fix+ fra Mac, men også ein highlight on fleek. Eg får alltid kompliment når eg har denne på kinnbeina, eller på nasen. Sida detta er min favoritt, har eg allerede brukt opp ein, og snart min andre. At eg kjem til å kjøpe ny når denne også er tom, er ikkje ein gong eit spørsmål. 

Inglot sitt HD pudder er også det einaste eg faktisk har likt. Eg brukar det til å sette heile ansiktet med for å halde det matt heile dagen, men også ved baking. Problemet eg ofte har hatt med baking er at pudderet gir flashback (altså krittkvitt under augene), men ikkje med dette. Pudderet har perfekt konsistens, sett sminken og gjer rett og slett jobben sin. I tillegg er prisklassen ganske overkommeleg, til å innehalde så mykje produkt, så løp og kjøp.

SAMSUNG CSC

Sist ut er den beste maskaraen eg nokon gong har prøvd ut, og eg skal love deg at det er ikkje få. Perversion frå Urban Decay gjer alt ein maskara skal gjere. Den gir volum, lange vipper og er så svart som mogleg. Eigentleg har eg ganske korte og tynne vipper, men med denne maskaraen ser det alltid ut som eg har kjempe fine vipper. Eg veit du kan få tak i den på Kicks, men også på Feel Unique.

 

 

4 kommentarer

4 thoughts on “3 Sminkefavorittar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *