Summerplans

Categories Kvardag

Onsdag, og eg er tilbake i G-Town etter utruleg fine dagar heime i vakre Årdal. Borte bra, men heime best er det vel noko som heiter? Det er når ein flyttar ut at ein innser kor deilig det er å bu åleine, men kor fint det er å komme heim. Ein har liksom livet sitt der ein har flytta til, mens menneska ein er glad i bur på heimplassen. Anyways, eg veit det ikkje blei så masse blogging heime i Årdal, som har sine årsakar. Mesteparten av tiden har eg gått i joggekle, utan bh, utan sminke og ikkje gjort anna enn å rekna. Hadde vært ganske kjipt å blogga om medikament kvar dag, eller hur? 

MEN endeleg kan eg fortelja dikka om ein av mine fantastiske sommarplanar, som inneheld ein sydentur!! Wææ, kor sinsjukt er ikkje det? Eg har ikkje vore i syden sida eg var sist i Tyrkia, og det skal bli deilig å få ei veka i strekk (forhåpentlegvis) med sol og gode temperaturar. Bestemora til Iselin har leilighet nede i Malaga, eller rettare sagt Torrox, som me er så heldige å få leiga. I slutten av august reiser eg med nokon frå jentegjengen i Gjøvik, og skal kose oss der ei veke. Heldigvis jobbar eg heile sommar, så det er ein del tusen på kontoen før avreise. Gledar meg utruleg mykje!

 

2 kommentarer

2 thoughts on “Summerplans

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *