Nytt hår og bestått

Categories Kvardag

SAMSUNG CSC

Åh, så deileg det er å kunne sitje for seg sjølv, åleine og berre halde seg sjølv med selskap. Som sagt er det godt å vere heime, men fordelen med å bu åleine er at ein kan gjere det ein skal (som å vaske og støvsuge) AKKURAT når ein vil. Trur eg skal prøve å få det unnagjort etter eg har lagt ut dette innlegget, men skulle eigentleg gjere det i to tiden, heh. I dag tidleg klokka halv ni var det duka for medikamenteksamen, og eg var så nervøs. Alle eg kjenner som studerar sjukepleie, eller har venner som studerar det har stroke, så eg var ganske forbredt på å gjere det sjølv. Etter førti minutt bestemte eg meg for å levere inn, og eg fekk bestått!!! Herregud så deileg, ferdig med all pensum dette året <frihet3

Forrige veka på denne tida var eg hos mi flotte stesyster, Janne Kristin saman med stefar min. Det var skikkeleg koseleg å sjå ho att, for det var verkeleg alt for lenge sida sist. Janne Kristin er min største fan, og eg er hennar! Ho er ei utruleg stesøster, som eg så og sei ser på som mi skikkelige syster. Fredagen før eg reiste heim farga ho håret mitt, som tok si tid. Eg har ho vore ganske mørkeblond og ganske varm, men det gjorde me noko med. Me bleika det, og la i ein liten sølvfarge, og resultatet er herleg. Skikkelig deilig med lysare hår no mot vår og sommar. Som dikka ser på biletet under er forskjellen heilt enorm;

                            
Så sida eg er ferdig med pensum har eg ikkje skule før på mandag, då me skal gå gjennom ulike ting i forhold til praksis. For dei som har spørt skal eg ut i praksis rett etter påske, og det blir fantastisk spennande. Heldigvis har eg jobba nokre skift på sjukeheimen her i Gjøvik, så eg ikkje står der heilt blank. Praksisen varar ti veker, og etter den er ferdig er det sommarferie. Dette skuleåret har gått så fort, og eg hugsar det som i går at eg og mor var borte og såg på hybelen. Den attande april for eit år sida overtok eg hybelen, og blei tidenes lykkelegaste jenta. Håpar alle sammen får ein fin kveld, anten om de så skal slappe av eller, som meg, støvsuge! 🙂

SAMSUNG CSC

3 kommentarer

3 thoughts on “Nytt hår og bestått

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *