Ny foundation

Categories Sminke

SAMSUNG CSC

God laurdag allihopa! Håpar helga dikkas har starta supert, medan eg er snart klar for sprengskift på sjukeheimen. Det er så deilig å ha ein jobb å gå til som får tida til å gå litt. Skjønna meg ikkje på dei som klarar å sitje inne ein heil dag. DA har ein sløst med dagen da, føler vertfall eg. No har eg laga med pizza som eg skal ha med på jobb i dag og i måro. Er alltid godt med litt ekstra god mat på laurdag og søndagsskifta.

Eg har forresten ein nyheit å dele med dikka, nemleg Esteé Lauder sin Double Wear foundation. Eg har prøvd den ut i dag, og synst den var eigentleg sånn heilt gjennomsnittleg bra. Ein ting som er sikkert er at den ikkje er verdt pengane vertfall. Det er den dyraste foundation eg nokon gong har eigd, og eg synst ikkje noko sånn spesielt om den. Men me får nesten sjå korleis den held seg utover dagen, og ut på jobb. Føler meg som tidenes sminkedukka som kjem på jobb, men det er vel lov til å føla seg litt fin av og til også. 

SAMSUNG CSC

Her ser dikka korleis den sitter på huden, altså den er jo ganske naturlig. Så no gjenstår det kun å sjå korleis den blir utover dagen, og skal leggja inn ein liten edit i kveld. Håpar dikka alle får ei fortsatt fin helg 🙂

Edit: Foundation satt dritbra på, og såg like fin og naturleg ut sjølv etter ti timar! Den oksiderar litt gjennom dagen (blir meir oransje), men ikkje så mykje at du ser ut som ei vandrande appelsin. Eg kjem til å fortsette å bruke foundationen i ei tid framover no, så dikka får sikkert høyre meir om den <3
 

1 kommentar

1 thought on “Ny foundation

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *