Vblogg; Stor i kjeften

Categories Video

Mandag som betyr ny veke og nye moglegheitar. I dag var eg tilbake på skulebenken etter ei god stund. I grunn kan eg faktisk ikkje hugse sist eg satt i forelesninga, for det er utruleg mange veker sida. Praksisen nærmar seg med stormskritt, og denne veka har me eit “praksisopplegg”. Planen for i dag var å ha ulike scenario me skulle setja oss inn i, samt lære om livsglede til eldre. At noko så lite kan glede så mykje, er ufattelig! Små ting som å syngje litt til dei, ta ein tur ute i frisk luft eller å be dei vere med på å lage vafler. Gledar meg til å byrje i praksis så eg kan ta i bruk alt eg lærte i dag, det blir så spennande!

Fyttikatta så lenge sida det er eg har snakka til eit kamera, men endeleg har eg lasta opp ein ny video. Denne gongen er bestevenninna mi, Astrid, med på eit spel som heiter “Stor i kjeften”. Alle har nok sett facebookvideoane der ein har ei slags bøyle i munnen og skal uttale forskjellege setningar. Sida Astrid er den som har redigert videoen får dikka sjå alle mine deilige og vakre vinklar, mens ho sit der som ein uskuldig unge. Heldigvis er eg ikkje redd for å visa dikka at slevet mitt renn nedover kroppen, så enjoy.

 

6 kommentarer

6 thoughts on “Vblogg; Stor i kjeften

  1. Hej!
    Är du kanske intresserad av en personlig bloggdesign eller drömhemsida som byggs upp efter dina egna önskemål? 🙂
    Glada hälsningar
    Kashma Izat

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *