Rocket fries

Categories Antrekk

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Kor kule er ikkje desse bilda? Lyset, outfiten og alt var berre on point i går. Ingrid er verkeleg flink til å ta bileter, og eg blir alltid nøgd med bilda ho tek. Er i grunn ganske greitt å ha venninner som tek bilete av deg, visst du spør. Våren ligg også i lufta, og i går kunne eg få med t-skjorte under skinnjakka utan å fryse. Herleg! Etter eg kom heim frå skulen hadde eg ein skikkelig dårleg dag, og enda opp i tårer. Å vere student slit på ein, i tillegg til at eg hadde sprengskift i helga. Sjukepleien er som sagt mykje tyngre enn eg hadde trudd, men no er eg heldigvis ferdig med pensum. 

I dag har eg faktisk kun ein time på skulen, der me skal ha om blodsukkertaking. Eg har jo gjort det før, så for meg blir det ikkje nytt. Etter eg har vore ein tur på skulen, skal eg ned å trena litt. Tenkte faktisk å sykla ned, haha! Håpar berre den ikkje punkterar på vegen, slik at eg kjem for seint. Typisk meg. Kvelden blir brukt til å vaske klær, rydde og litt ekstra husarbeid. Fekk jo ikkje gjort det i går, då eg fekk eit lite breakdown. Håpar alle får ein fin dag ♥

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

 

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

 

× GULT ER KULT ×

 

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

 

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

 

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Jakke ? Ebay, sko ? H&M, t-skjorte ? Ganni, jeans ? Gina Tricot

 

18 kommentarer

18 thoughts on “Rocket fries

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *