Susanne tipsar – Dokumentar

Categories Susanne tipsar

Ein dag til helg folkens, just hold on! Personleg har eg eigentleg tatt påskeferie no, og er klar for å tjene ein del kroner. Dei fleste eg kjenner reiser heim i ferien, men eg blir nok værande i flotte Gjøvik. Eg jobbar mandag, tirsdag og frå torsdag-søndag. Veka etter påskeferien reiser jo eg og Astrid til Oslo for å oppleve Karpe på scena, så blir ganske greitt å ha nokre ekstra tusenlappar på kontoen da.

 

I dag tenkte eg å oppdatera Susanne tipsar kategorien min med ein liten dokumentar. For tiden har eg verkeleg sansen for dokumentarar, då eg veit dei er sanne og ofte tek opp viktige og interessante tema. Ettersom eg går sjukepleien og skal ut i min fyrste praksisperiode på sjukeheim er dement noko eg synst er spennande. Er det nokon av dikka som såg på TV2 i går klokka ti over halv ti? For ein nydeleg dokumentar.

 

Dokumentaren heiter “TIl månen med bestefar”, og tek opp forholdet mellom eit barnabarn og hans bestefar som lev med demens. Bestefaren har gjennom mange år filma livet sitt, der han levde det gode liv. Han var ung, sprek og fann på masse sprell og fanteri. Eventyrlysten var eit ord dei brukte i dokumentaren som eg synest passa perfekt. Utover dokumentaren er det då barnebarnet som tek over rolla som “filmressigør”, og filmar både gode og dårlege dagar. 

 

For ein mann, for ein dokumentar og for ein sjukdom. At hjerna blir så påverka at ein gløymer kven sine nære og kjære er gjer meg heilt satt ut. Etter dokumentaren var ferdig satt eg og Astrid og grein i kvart vårt hjørna av sofaen, og tenkte over korleis me skal klare å jobbe med personar med demens. Ein ting er sikkert, og det er at eg skal gjere dagen deira så bra som mogleg. Dokumentaren ligg vertfall under programmet dokument 2 på TV2sumo.

 

8 kommentarer

8 thoughts on “Susanne tipsar – Dokumentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *