Oppsumering – Påsken

Categories Oppsumering

Endeleg var påskeveka ferdig, og eg har nytt ein dag med fri! Med andre ord, min påske blei brukt på sjukeheimen sammen med alle fine sjelene som bur der oppe. Det gir meg verkeleg mykje å setje meg ned, snakke med dei å lytte til kva enn dei har å fortelje deg om. Gledar meg utruleg mykje til å byrje i praksis i måro, møte nye mennesker og endeleg komme meg ut i den ordentlege verda. 

 


 

Vekas grunn til å smile: At min fine, gode Tamara fekk beskjeden om at ho kom til å bli mykje betre. Forrige fredag fekk eg beskjed om at ho var alvorleg sjuk, som ho hovudsakleg har gått med i veldig lang tid (helsevesenet på sitt beste), onsdag var eg på besøk av ho og fekk veta at detta gjekk an å fiksa på. Ein operasjon, også skal ho kunne fungere som normalt igjen. Misunner ingen å ha eit så sjukt familiemedlem, som er så ung. Fine, gode og sterke Tamara ♥

 

Vekas utfordring: Å ha nok energi til å gjera kjæresten min nøgd. Eg har som sagt ovanfor jobba sju timar kvar dag, og då er ein sliten når ein kjem heim. Heldigvis er snuppa mi veldig rolig, så ofte låg me i sengi, slappa av eller såg på ein serie. I går jobba eg tidleg, så eg fekk laga biff og fløytegratinerte poteter. Så sinsjukt mange husmorpoeng!

 

Vekas opptur: Besøk av to av mine kjæraste skattar. Frå fredag til søndag var millitær-kompissen min, Jonas, her. Det var utruleg godt å sjå han att etter så mange månadar. Han er liksom den mannlege versjonen av meg, så det er ein person eg ikkje kan leve utan. Me ler, har det gøy og kødda som faen. På onsdag kom kjæresten min, som eg heller ikkje har sett på over ein månad. Å ha eit avstandsforhold er hardt, men heldigvis er eg ekspert på det ;–)

 

 

Vekas nedtur: Det må bli det eg skreiv om Tamara. Så redd eg var for at ting ikkje skulle gå bra, men heldigvis har me i Norge nokre gode legar også. 

 

Til neste veka: Skal eg steppe opp gamet mitt om å halde blogginga oppe. Eg har vore såå flink veldig lenge no, så kom påska, problem og mykje jobbing. Blogging er noko eg brenn for, eg synest det er så kjekt å ta bileter, fortelje dikka om kvardagen min samt få koslege tilbakemeldingar av mine flotte lesarar. 

 

Akuratt no: Har eg klemt i meg tre pizzabollar, to glass med iste og nyt ein episde av favorittserien, Grey’s anatomy. 

 

8488928573

 

2 kommentarer

2 thoughts on “Oppsumering – Påsken

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *