Shades on

Categories Innkjøp

Fyrste dag i praksis er unnagjort, og eg er godt plassert under dyna. Heilt utruleg at det faktisk er april, for det er bokstavlegtalt ISkaldt her. Faktisk så vurderar eg om eg skal setje på varmeovnen min, så ille er det. Den nye prakisplassen er utruleg fin og spennande. Å få møta så mange mennesker, med så mange ulike diagnosar er verkeleg noko eg interesserar meg for. Seinare i kveld skal eg setje opp ein turnus slik at eg veit når eg jobbar. Det er hovudsakleg fire dagar i veka, ei helg og ei nattevakt.

 

Denne veka skal eg berre jobbe onsdag og torsdag, så reiser eg til Oslo på fredag. Karpe Diem blir heilt sinsjukt, og eg skal nyta kvart sekund av den konserten. Sangane deira er så rett på, og treff meg rett i hjartet. Spesielt det nye albummet med; Hvite menn som pusher 50 og Rebell i kjellerleiligheten din er såå spot on! Skal ta med goproen min og sjå om eg får nokon kule bilder, men diverre har eg berre den fyrste utgåva av Gopro så kvaliteten blir ikkje på topp.

 

SAMSUNG CSC

 

Anyways, kor kule er ikkje desse solbrillene? Eg falt heilt pladask med ein gong eg såg dei, og tenkte at du, du skal vere med meg heim. Det er noko med fargen, formen og at dei verkar så skikkelege. Vanlegvis er briller frå H&M dårleg kvalitet, men desse verkar stabile og ordentlege. Dessutan trengte eg nokre nye solbriller, ettersom eg satt meg på dei frå Pull & Bear. 

 

SAMSUNG CSC

 

7 kommentarer

7 thoughts on “Shades on

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *