Heisann

Categories Reise

Dag ein i Oslo er straks over, og eg kan ikkje vere meir nøgd med den. Halv ti satt me på toget i retning Oslo og klare for ei heilt enorm helg. Årsaka til at me reiste så tidleg var fordi me begge hadde fri og ville rekke pop-up butikken til karpe. Me kom dit i tolv tida, men fekk sikra oss det me hadde lyst på. Eg fekk tak i verdas kulaste gensar, som eg har gått i i dag, og skal ha på konserten i måro. Berre sjekk biletet under.

 

 

Me har også shoppa litt anna, deriblant ein jumpsuit som var rååååkul! Gleda meg dødsmasse til å få vist den på bloggen. Blir nok ikkje meir shopping ettersom pengane må prioriterast på mat og andre ting når eg kjem heim. Før eg reiste henta eg ei pakke fra Gina, som eg også skal vise. Er det stemning for innkjøpsvideo, kanskje?

 

I kveld skal me ligge inne, chille, ta ansiktsmaske og lade opp for den stooore morgondagen.

 

3 kommentarer

3 thoughts on “Heisann

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *