Mållaus

Categories Kvardag

 

Okei, HERREGUD for ein konsert! Det er det sjukaste eg nokon gong har opplevd. Greit nok at eg er ganske Karpe-fan, men denna konserten gjorde at eg aldri ville reise derifrå. Gutta har fylt spektrum tre dagar på rad, fullført tre dagar på rad, men altså laurdagen MÅ vera den beste. Stemningen i spektrum var så vakker, rå og ubeskrivleg. Alle elementa på konserten var veldig bra gjennomført, lyset, lyden og Karpe var så fine, aka personlege. Personleg synest eg den finaste delen av konserten var da spektrum var bekmørkt, ein lyskastar på Magdi og han sang på arabisk. Gutta får fram så mykje viktig både i tekstane sine, men også på sjølve konserten. Problem som terrorisme og rasisme står sentralt, og dei er veldig flinke til å setje ord på det me andre ikkje er så flinke til.

 

Goproen blei ikkje med inn, men desse bilda var ganske greie dei også. Å ha konserten i spektrum satt verkeleg prikken over i’en. Telenor arena blir så stort og upersonleg, men i spektrum ser ein uansett og ein kjem mykje nærmare på artistane. Magdi var jo fleire gongar nede til publikum, stod med dei og sang med dei. Herlegheit for nokre gutar.

 

 

No er eg vertfall heime att i Gjøvik etter ei fantastisk fin helg med mi fine bestevennine, Astrid. Før konserten i går var me ein tur på Tjuvholmen og åt ein deilig middag. Olivia er ein av mine favorittrestaurantar, som serverar italiensk, i Oslo. Stemningen, lokalet og maten er så fin. Eg åt pasta carbonara og drakk eit lite glass med vin attåt.

 

I kveld skal eg ta meg ein deileg dusj, samt planleggje litt utover veka. Eg har nemleg funnet ut eit prosjekt eg skal ha, som heiter “Prosjekt: Tøm kjøleskap, frys og skap for mat”. Skapa mine er proppfulle av mat, og eg skal prøve å tømme det før eg kjøper ny mat. Ellers står ei ny veke i praksis, pluss jobb i helga. Merkar at det kjem til å ta på når eg skal jobbe over ti dagar i strekk, men eg er sterk og skal klare og komme meg gjennom dette her også.

 

 

3 kommentarer

3 thoughts on “Mållaus

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *