Dagens detaljar

Categories Antrekk

SAMSUNG CSC

Er det på sin rette plass å seie god sommar endo? Eg har jo hatt sommarferie sida forrige onsdag, men eg veit mange kanskje skal gå ut denne veka også. Men ein kan vel seie god sommar fordiom. Mandag kom min fine, snille og gode mor som eg har hatt det så koselig med. I går var me i Sverige, så ein tur på ikea der me fekk svidd unna nokre kroner. Kanskje eg skal vise dykk nokre av innkjøpa mine? Planen var jo i grunn å flytte ned til ein litt meir sentral leilighet, men ettersom oppsigelsestiden var litt lengre enn eg trudde blir nok den tanken luka vekk. 

I dag har me gått oss ein liten tur ned i gågata før me gjekk bort på CC. Pengane berre flyg vekk når ein finn det ein likar altså. Gina Tricot hadde så masse fint på salget sitt, og eg fant ein kjempe lang, tjukk kjole som eg gledar meg mykje til å bruke på hausten. Blir sikkert kjempe fine outfit bileter av den kjolen. Resten av kvelden blir brukt til kos, restaurant-besøk og avslapping. Er i grunn ganske deilig med ei veke ferie før kjøret begynnar rett på. 

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

2 kommentarer

2 thoughts on “Dagens detaljar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *