Ass & perfect jeans

Categories Innkjøp

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Etter eg tok dette biletet tenkte eg litt. Kvifor skal det vere slik at dei med små, fine sprettrumper skal vere meir stolt av rumpa si enn meg? Når folk spør kva eg er mest fornøyd med på kroppen min tør eg aldri å seie noko, men eg har jo eigentleg ei ganske bra rumpe. Så ja, tenkte berre å starta innlegget med å seie fuck janteloven, og vær stolt av kroppen din uansett. Unge går kvar dag gjennom så mykje drittpress om kropp, karakterar, venner, utdanning og ikkje minst utseende så det er jo pokker meg ikkje rart me blir usikre på alt mellom himmel og jord. Fuck janteloven og fuck alt presset, du er bra som du er! No er jo faktisk mange ferdige på skulen, og eg vil berre seie at dikka må vere stolte av dikka sjølv. Det er ikkje alle som kjem seg gjennom videregåande. Livet er verkeleg for kort til å gå rundt å ha negative tankar kvar einaste dag proppa i hovudet. Så lenge eg er frisk, har dei gode vennene eg har, fine familien og kan fungera vanleg i dagleglivet er eg meir enn nøgd. 

Wow, det vart visst ein litt lengre intro enn eg tenkte. Pytt pytt, av og til må ein berre få det ut. Meininga med den introen var at eg fant ei bukse som satt perfekt på både rumpe, lår og samtidig var høgtlivs. Kor fantastisk er ikkje det? I tillegg elskar eg alle detaljane som høyrer til den med hola på knea, frynsene nederst og ikkje minst at den går rett under navlen. ME + HIGHWAIST = TRUE. Buksa var på tretti prosent nede på Cubus, så eg måtte faktisk berre kjøpe den. Hadde eg ikkje kjøpt den veit eg at eg hadde angra i måro. Den var litt trang over magan, men eg skal jo få litt av den vekk (trur eg vertfall). Modellen heiter vertfall Highwaist Hannah, og eg anbefalar den for absolutt alle. 

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

 

2 kommentarer

2 thoughts on “Ass & perfect jeans

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *