Pride from my iPhone

Categories Reise

Som eg lova i går skal eg i dag leggje ut bileta eg tok frå pride. Hadde ikkje med det vanlege kameraet ettersom det diverre syng på sitt siste vers. Ville slengje inn dette innlegget før eg stikk på trening. Tenkte faktisk berre å jogge meg ein liten runde langs strandpromenaden, men må fyrst finne ei bra speleliste. But still, her er bilda. Enjoy.

1. Litt kliss klass på toget. Ja, me er det kjæresteparet som kyssar og held hender over alt. Det var så deilig på pride at ingen reagerte, men no er det vel back to black. Fuck it, eg skal fortsette å vise verden at eg er verdas heldigaste kjæreste. 2. Sida me ankom Oslo så tidleg hadde me tid til å komme oss fyrst inn på Zara og ta ein runde opp på slottet. Som dikka ser var været ubeklageleg. 3. Oslo var prega av så mykje fine fargar, mennesker og energi. 

1. Så gira for å gå i tog! For ein opplevelse, og gjett om eg skal tilbake neste år. 2. Igjen, så masse fargar, så stort mangfold. 3 .Kliss klass. 

Altså sjå på detta! Er det berre meg eller er søtpomfri ti gonger betre enn vanleg? Det er liksom så mykje meir smak, og her var det også raspa parmesan på toppen. DIGG.

1. Berre sjå på dette biletet. Alle er så glade, seg sjølv og energien rundt er så god. 2. Kødda litt inni pridepark. Det var faktisk kjempe masse kult inni parken, musikk, scene, barar og ikkje minst gratis ting. 3. Søta smiler fordi livet smiler ;))

 

 

3 kommentarer

3 thoughts on “Pride from my iPhone

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *