Some new interior

Categories Innkjøp

God torsdag til dykk alle, og keep on! Det er kun ein dag igjen til helg (aka ein dag igjen til eksamen). I måro skal eg ha psykiatri eksamen, og eg føler det kjem til å gå så bra. Personlig har eg aldri hatt så kontroll på noko før, så eg håpar virkelig det kjem fram på karakteren også. Ein veit jo aldri kva som kjem på eksamen, som for eksempel da me fekk hormon og det mannlege utstyret. Gjett om eg var blank da? For å sei det slik; eg hadde lyst til å krølla den forbanna eksamen og kaste den på læraren vår som tidlegare sa dette var noko me ikkje hadde trengt å øve på. 

I dag gikk eg faktisk ned på skulen, som eg forsåvidt tok førtifem minutt. Fekk no vertfall over seksti prosent på klokka mi, så da er eg fornøyd, heh. I går fekk eg dei nye joggeskoa mine i posten, som eg eigentleg skulle tatt nokre bilder av, dei er nydelige. Anyways, Susannemor lærer aldri og tok på seg dei når ho skulle gå ti mil ? gjett kven som fekk gnagsår? Meg. Men gjett kven som skal ha dei på seg i måro? Meg. 

Eg var litt på skulen, men sida eg føler eg har kontroll så droppa eg det og reiste ned på CC. Lasse liten har bygga om og hadde åpning i dag, og herregud så fin stil det er blitt der. Kanskje eg får tatt nokon bilder der, ettersom eg vurderar å sitte å lese litt der framover. Skal vertfall ta med den absolutt beste, og finaste kjæresten min dit. Snakk om sola, så kjem ho om to veker og seks dagar, gjett om eg gledar meg? Det eg gledar meg mest til er å flytte saman med dama i mitt liv neste år. 

Som overskrifta seier fekk eg kjøpt litt nytt i dag som dikka ser på bilda ovanfor. Søstrene grene har så sinsjukt mykje fint, meir enn ikea vil eg seie. Ikea har kanskje masse sånn fine basic ting, mens søstrene grene har så sinsjukt mykje fint dekor, og eg veit kor eg og jenta mi skal gå neste år når me flyttar. Oh my lord, gledings! Som dikka ser på dei fyrste bilda kjøpte eg såå fin hylle til kun typ seksti kroner, pluss “vasen” for seksti kroner. Det er jo slikk og ingenting. Lysfatet som dikka ser ovanfor fekk eg for kun hundre og femti kroner, ettersom det eigentleg var fullprisa for fem hundre. 

No skal eg ferde meg med blogginnlegget, pakke litt til i måro også skal eg leggje med tidleg for å vere opplagd til i måro. Wish me luck peepz ♥

4 kommentarer

4 thoughts on “Some new interior

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *