A fall day

Categories Kvardag

God torsdag alle sammen, og ein og ein halv time til helj! Herlegheit så deilig, eg har fri i måro og den dagen skal nyttast til det fulle. Denne veka har virkelig gått i eitt med trening, jobb og skule. Tirsdag tok eg på meg ei ekstravakt, onsdag hadde me ide-dag og i dag har eg hengt med den fine bestevenninna mi. Akuratt no sitt eg og høyrer på jazz (ja, trur eg er noko), drikk BCAA og slappar av etter ei innafor treningsøkt. Herlighet så deilig. Dagen i dag har vært så fin, og det var skikkelig deilig med litt kvalitetstid med Astrid mi. Fyrst tok me nokre kule outfit bileter ? som det fyrste biletet ovanfor her, lagde oss mat og såg på nokre program på nrk. Astrid er den venninna mi som alltid er der for meg, stiller opp og er skikkelig kul å henge med. Lucky lucky me. 

I måro er planen å ta seg ei litta tur til ikea med nokre av bestevenninnene mine fra skulen. Skal eigentleg ikkje ha noko spesielt, men kanskje eit nytt nattbord. Som dikka såg i vloggen min er det ein skikkelig ille situasjon her da skapet mitt ikkje fult kan åpnast fordi nattbordet mitt er for “breidt”. Nattbordet er ikkje mitt og høyrer hybeleigarane til, difor kan eg ikkje berre kaste det ut og bruke det som ved. Det blir alltid litt meir enn ein treng på ikea, så me får sjå kva eg kjem igjen med. Heldigvis får eg lønning frå Veekiosken i måro, så eg har noko ekstra å rutte med. Ellers blir det ein real vaskerunde her i måro, da eg ikkje har vaska på to veker. Det blir deilig! Supersusa har kjøpt seg sånn eingangsmopp veit du, så da er vaskinga redda!

2 kommentarer

2 thoughts on “A fall day

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *