How to: Sunn helgekos

Categories Oppskrift

Okay peepz, eg skal no visa dikka noko av det beste eg har smakt som faktisk nesten ikkje innehelg kaloriar, yet smakar amaze. I går på morgonen lagde eg den vanlige funlight-geléen. Oppskrifta kjem sjølvsagt nedanfor, slik at dikka også kan laga denna deilige geléen. Så i dag tenkte eg at eg skulle ta nokre bileter av den og toppa den med double 0% yoghurt, skogsbærblanding og mørk sjokolade med bringebærsmak. NAM! For å seie det slik så ser det like deilig ut som det smakte. Etter eg var heime sist helg og klemte i meg ein haug med sukker opplevde eg kor dårlig kroppen min responderte på det. Eg blei skikkelig slapp, gretten og ville berre ha meir. Difor så fant eg ut: kvifor ete mykje sukker når kroppen min responderar såå dårlig på det? Så det er faktisk det eg skal prøve ut no. Visst eg vil ha ein sjokolade ? kjøper eg meg ein sjokolade, men vil prøve å begrense inntaket på sukker litt. Føler meg basically ti gonger betre når eg forar kroppen min med næring den faktisk kan ha nytte av. 

Det du treng for å få ei lita porsjon med sukkerfri og nesten kalorifri gelé er: 

     – 1,5 dL med valgfri funlight saft, mitt valg gjekk på wild berries. Du kan sjølvsagt også bruke vanleg saft visst du vil det, men da vil den ikkje bli like kaloriredusert. 

     – 3 dL med vatn. Hugs alltid på at du skal ha dobbelt “dose” (ja, lest alt for mykje sjukepleiepensum i det siste) av vatn. 

     – 5 stk gelatinplater. 

 

Det er veldig veldig enkelt å lage det også, det tar basically fem minutter visst du har allerede varm plata, men det er viktig å hugse på at det skal stå ei stund også. Eg lagde det rundt elleve tiden om morgonen og åt det når eg kom igjen i åtte tiden. Med andre ord; det passar perfekt å lage før du skal på skulen, eller dagen før du skal ha besøk. Hugs det smakar like godt aleine som det gjer å dele det med nokre andre. 

Framgangsmåte: 

     – Det fyrste du må gjere er å leggje gelatin-platene i blaut i fem minutt. Eg la dei oppi ei skål med kaldt vatn og lot dei liggje der i 5-10 minuttt. Ein kan eigentleg kjenne på når dei byrjar å bli klare da dei blir som gele og ikkje lenger er faste. 

     – Deretter tek du all saften du treng som er 1,5 dL og blandar med 1dL av vatnet. Dette tar du oppi ei kjele og lat det kokar.

     – Når det kokar dreg du kaserollen til sides og rører inn gelatinplatene til dei går i eitt med den utblanda saften. 

     – Tilsett deretter resterande 2dL av vatnet og fordel det i glas/ skåler eller kva anna du velgjer å ha det oppi. 

     – Tadda, ferdig. Enjoy. 

2 kommentarer

2 thoughts on “How to: Sunn helgekos

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *