Haustjakka er på

Categories Antrekk

Happy tuesday, and happy fallday. Som dikka ser skinte sola endeleg igjennom i denna fine byen ved Mjøsa. Det har regna her mange dagar no, så det var utruleg deilig å endeleg få litt D-vitaminer. Søndag kom endeleg dama til meg, og det var såå godt å få ho hit att. Når ho ikkje er med meg føler eg verkeleg at det er noko som manglar i kvardagen min. Ho gjer meg så lykkeleg at eg kan ikkje sjå føre meg eit liv utan ho. Ser verkeleg fram mot å flytta saman med ho neste år, det blir så bra det. 

I dag har me slappa skikkelig av, vært ein liten tur på CC og no ventar me på besøk fra bestevenninne mine. I kveld står spillekveld på tur med masse digg attåt. Fekk snuppa sjølv til å ta nokre bileter av meg, ettersom ho nekta å sjølv bli tatt bilete av. Me skal jo ha ein liten fotoshoot ein dag. Har så lyst på nokre fine bileter av oss hengjande på veggen, og no har eg berre gamle. Føler at ein er veldig flink til å ta bileter ofte når ein har ikkje vært sammen så lengje, men dess lengre ein har vært sammen dess mindre bileter tek ein sammen. Så me har store planar om å ta fine bileter saman. Skal sjølvsagt dele dei her. 

3 kommentarer

3 thoughts on “Haustjakka er på

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *