Oppskrift – polarbrød

Categories Oppskrift

Håpar absolutt alle har fått ein kjempe fin start på veka, det har vertfall eg. I helga har eg vore på besøk hos “svigerforeldra”, vært i bursdag og feira ni månadar med mi flotte dame. Tok ikkje akuratt med pc på turen, så difor vart det ingen blogging. Som eg har sagt før så har jo eg veldig lyst til å blogge ein del, men er usikker på kva dikka eigentleg vil lese om. KVA SYNEST DU ER INTERERESSANT Å LESE OM? Det er jo så mykje å blogge om, outfit, kvardag (som sjukepleiarstudent), min lille trenings- og kostholdsreise og mykje anna. Så plis kommenter kva dykk helst vil lese om. 

Vidare til dette innlegget. På torsdag prøvde eg og fruen oss på å bake heimelaga polarbrød. For det fyrste var det såå koseleg å bake med kjæresten min, for det andre vart desse polarbrøda så digge!! Dei kan brukast til så masse forskjellig blant anna polarbrød, pitabrød og ikkje minst hamburgerbrød. Det er utruleg enkle å lage så eg tenkte berre å dele den oppskrifta med dikka. 

Det du treng for oppskrifta er: 

♥ 170 g havregryn
♥ 500 g sammalt hvete (finmalt)
♥ 300 g siktet hvetemel
♥ 20 g fersk gjær (blå)
♥ 1/2 ts sukker
♥ 1 ts salt
♥ 4 1/2 dl melk (romtemperert)
♥ 2 dl vann (romtemperert)
♥ 1 dl solsikkeolje

Det fyrste ein kan byrje med er å blande sammen alt det tørre (om du brukar tørgjer, slik eg gjorde). Mange foretrekk også havremjøl i staden for havregryn, og eg har den oppfatning at polarbrøda blir mykje jevnare enn om ein brukar heile havregryn. Har ein ferskgjer må ein sjølvsagt blande ut dette fyrst. Deretter legg du til det blaute og blandar det godt sammen. Det er sjølvsagt ein fordel om ein har kjøkkenmaskin men det går heilt fint å gjere det for hånd også. Hev deigen vidare i 1 time. Når du så tar dei ut kan du anten rulle ut heile deigen og bruke skåler for å få dei runde, eller rulle dei som bollar og slå dei flate. Hev dei så i ca 15 minutt, og steik dei i 7-8 min. For å få dei ekstra luftige anbefalar eg å stikke nokre hol på dei slik eg har gjort på bilda ovanfor.

2 kommentarer

2 thoughts on “Oppskrift – polarbrød

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *