Cargojeans

Categories Antrekk

Haustfargar, kirurgisk undervisning og ein herlig dag. Herlighet for ein fin start eg har hatt på denne dagen. Gjett kven som eigentleg skulle opp klokka seks for å trene i dag? Meg. Gjett om det skjedde? Nei. Eg sett meg så flotte og urealistiske mål, som blant anna dette, og eg veit innerst inne at det aldri kjem til å skje. Når valget er der tidleg på morgonen fell nok dommen heller på å dra meg langt under dyna og leggje hovudet på puta ein time til, enn å opp å fullføre 500 barbell challange. Pytt pytt, tek det seinare. 

På skulen i dag hadde me kirurgisk dag med pre, per og post-pasientar. Å bli sjukepleiar er så sinsjukt artig, men det som er ti gongar artigare er å finne ut kva ein skal vidareutdanne seg som. Mine alternativ enn så lenge har jo kun vore jordmor, operasjonssjukepleiar og akuttsjukepleiar, men etter denne dagen har eg fått ein ny kategori. Anestesisjukepleiar. Så spennande, og ein har såå god kontakt med teamet ein jobbar rundt på ein operasjon. Kven veit kor eg endar? Ikkje eg vertfall. Tenkjer at det blir så bra å prøve ut mykje forskjellig og sjå mykje forskjellig no når eg skal ut i fire praksisar til. Fyrst står kirurgisk praksis på barneavdeling, psykiatrisk praksis og til slutt medisinsk praksis forhåpentlegvis i eit heilt anna land. Utveksling er noko eg har kjempe lyst til å få til, så me får berre kryssa fingrar, tær og bein. 

Kor kul er ikkje denne buksa? Eg berre måtte ha den da eg prøvde den. Synest slike kamuflasjbukser er dritkult, sjølv om andre meinar det totalt motsatte. Militærgrønt er jo også så kult til hausten, og eg likar å blande militærgrønn og sennepsgult, ohlala. Buksa og jakka er fra cubus – gensaren frå gina tricot og skjerfet frå holzweiler. 

2 kommentarer

2 thoughts on “Cargojeans

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *